Tjorehagen 2005- 2008                     Arkiv

 

Nytt frå hagen  2005



Frå ustillinga ' Bølger i stein'  
John Audun Hauge 
Fleire foto og info under Galleri Tjorehagen.

     Gåve frå Sparebanken Vest 
  
14 mai 2005 fekk Stiftinga Tjorehagen tildelt
     kr. 100.000 frå Visjon Vest til ferdigstilling
     av damanlegget i 'Nye-hagen'. 
    Vi rettar ei  stor takk til Sparebanken Vest
     for dette ! 
     Fleire bilder frå det nye damanlegget.

Ny steintrapp til Fjellhagen
Våren 2003 byrja vi arbeidet med å mura 
ei trapp opp til fjellhagen - arbeidet vart
 sluttført no i haust . Arvid Olsen ( foto) og
 John Petter Havnerås har utført arbeidet.

60 tre 
60 tre er tatt ut frå Gamle hagen hausten 
2005. I løpet av dei siste 4 åra har vi tatt ut
 ca 160 trær i Gamle hagen. Eit vanskeleg arbeid; vi skal ikkje øydeleggja det unike ved hagen, samstundes må vi ha nok lys og rom 

 '
Rapporter frå hagen:                 

 23.april 06 - Det er ein sein og kald vår så langt, og blomstringa er nettt komen igang i hagen - Rh. barbatum og ein del hybridar på Rhododendronhøgda blomstrar no fint.
Vi har observert noko skade på enkelte planter pga. den langvarige frosten  i mars/april - tele i jorda kombinert med sol og blå himmel kan ofte gje uttørkingsskade/både på blad  og røtter. Men forløpig har vi ikkje observert dei store skadene.

Vi har gjort eit stort arbeid med trefelling og rydding på plantesal / kafe området i hagen. Vi skal groveplanera området no i vår og nytta området som vi har gjort tidlegare. 
Til hausten / neste vår vil ferdigstilla området med nytt plantesal m.m.

Vi ynskjer nye og gamle besøkande hjarteleg velkommen til ein ny sesong i hagen ! 

2005:
I 2005 besøkte  ca 2.500 hagen. Det vare ein god sesong for  Rhododendron blomstringa, og vi fekk mange
 positive tilbakemeldingar frå publikum.
I juni hadde vi  urte og staudehelg med godt besøk.

 Galleri Tjorehagen hadde  to utstillingar: 
 Mike Rackwits  -  oljemaleri -  Lippa Dalen -  keramikk
og Jon Audun Hauge   'Bølger i stein'. Begge utstillingane vart svært godt motteke av dei besøkande.

Ferdigstillinga av damanlegget i Nye-hagen og steintrappa til fjellhagen var prioriterte i vårsesongen.  Hausen 2005 var  felling av tre i gamle hagen vore prioritert, foruten ymse vedlikehaldsarbeid i hagen og bygningar. 


Våre tobeinte venner viste stor interesse for den utstilte skulpturen  -  'Brått - 


Eit minne frå årets blomstring: Rh. 'Queen Bee'